NSK avdeling Sogn og Fjordane er ei geografisk stor og talmessig lita avdeling med stor og variert aktivitet. Avdelinga arrangerer prøver, treningar og sosiale- og faglege samlingar. Mange av hundane i avdelinga vår vert nytta til praktisk jakt- og ettersøk. Men den viktigaste oppgåva hundane vår har er nok som familiehundar og som turkameratar. Pelsstell og lydigheit er viktige ting å ha fokus på som spanieleigar, og du kan få hjelp til å lære deg korleis du kan gjere dette sjølv.
Me prøver å pubilsere alle aktivitetar under nyhende og sende informasjon på epost til medlemmene med jamne mellomrom.
Føl også med på facebook sida vår! Mindre treningssamlingar/treff vert ofte “spontantreningar” med kort varsel/info. Desse vert annonsert på facebooksida vår.
Korleis bli medlem?
Det enklaste er å gå inn på www.nkk.no og velje bli medlem der. Då kan du melde deg inn og betale medlemsskapet samme dag ved å bruka eit bankkort. Velg Norsk Spaniel Klub og avdeling Sogn og Fjordane.
Kvifor bli medlem?
Som medlem får du innbyding til alle dei aktivitetane me har i avdelinga, og du får dei gratis eller til medlemspris. Desto fleire aktive medlemmer me har i fylket, desto større aktivitet skal me klare å få til! Som medlem får du medlemsbladet Våre Spaniels fire gonger i året og du får medlemsbladet til Norsk Kennel Klub (NKK). Du får delta på prøver og utstilling til redusert pris og får redusert pris på mange andre tilbod frå NKK. For å kunne tilby spanielaktivitetar her i fylket er me avhengig av medlemmer. Utan medlemmer og utan aktive medlemmer, får me ikkje til noko tilbod.
Hugs at 31. desember er siste frist for å sende inn resultat for å vera med på mestvinnande-konkurransen i avdelinga.
31. desember er også siste frist for å sende bruksresultat inn til klubben sentralt.
Siste nytt:
11.12.2025 Pelsstell, Treng du treningshjelp og oversikt over Aarets mestvinnande i avdelinga er lagt ut frå gammal heimeside.
28.11.2025 Påminning om fristen for å sende inn resultat til årets mestvinnande
15.10.2025 Invitasjon til utstillingskurs og spanielsamling
15.10.2025 Styremøte frå møte 27. mai, 24. juni og 14. oktober er lagt ut.
30.09.2025 Avdelinga inviterer til jakt- og sportrening på Kaupanger 5. oktober og utstillingskurs på Kaupanger 1. november.
21.07.2025 Har du amerikansk cocker spaniel? Sjå Facebooksida vår for info om klippehjelp/klippekurs fram til 10. august og i veke 40.
03.05.2025 Nytt om at me tilbyr treningshjelp
03.05.2025 Styremøtereferat frå 4. februar er lasta opp
25.02.2025 Årsmøtepapira er lagt ut – ligg under Dokumenter
04.02.2025: Årsmeldinga for 2024 er lagt ut.
Nestleiar
Gardavegen 80A
6868 Gaupne
Mobil: 918 35 324
Styremedlem/kasserer
Geilevegen 27A
6783 Stryn
Mobil: 996 14 227
Varamedlem
Brattegjerde 23
6887 Lærdal
Mobil: 975 48 631
Norsk Spaniel Klub / leder Niclas Strøm
1920 Sørumsand
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Agder
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Buskerud
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Hordaland
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Møre og Romsdal
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Nordland
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Oslo og Akershus
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Rogaland
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Sogn og Fjordane
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Telemark
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Troms og Finnmark
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Trøndelag
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Vestfold
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Østfold
Velkommen til Norsk Spaniel Klub avd. Innlandet