Her kjem referat frå aktivitetar i avdelinga i 2013

Frå årsmøtet i Sogndal 23. februar 2013

Vanlege årsmøtesaker - sakspapir vert utlagt med det første. Alle i styret tek attval.
Det har ikke komme saker frå medlemmer eller styret til møtet.

Her kjem referat frå aktivitetar i avdelinga i 2012

22. september
Resultat frå dei bevegelege prøvane våre i 2012
Då har dommerlister frå dei bevegelege prøvane endeleg komme til oss. Desse listene viser at:
Der det ikkje står rase er det engelsk springer spaniel.


2 har starta på apportprøve i begynnarklasse - to har bestått.
Kahill's Black Nightshade til Ellen Getz Wold, Sørum
Desperados Aya til Inger Handegård, Gaupne

3 har starta på jaktanleggsprøve - to har bestått.
Redspot's Carisma (welsh) til Stian Kirkeberg, Bærums Verk
Merjano's champagne Daisy til Marian J. nossen, Årland

11 har starta på blodsporprøve
7 har fått 1. premie, 3 har fått 2. premie og 1 har fått 3. premie.
Desperados Aya til Inger Handegård, Gaupne - 2 x 1. premie
Janes Joplin ført av Ronny Sæbø, Lærdal - 1. premie
Zelini's Guinniss Exstra Stout til Ragnar Hagen, Måløy - 1. premie

6 har starta på fersksporprøve - 6 har bestått.
To nye spaniels godkjent som ettersøkshund: 
Clapton's Magic Mystery Girl til Odd Bjarte Løkkebø, Eikefjord - 9 poeng
Zelini's Guinniss Exstra Stout til Ragnar Hagen, Måløy - 9 poeng

10.september - det formeleg "haglar" med titlar til hundar frå fylket
Me gratulerer Inger Handegård med ny utstillingschampion NUCH NVCH Desperados Aya.
Me gratulerer Nils Solheim med ny utstillingschampion NUCH Desperados Aladdin.
Me gratulerer Elin Anita Gjerde med ny viltsporchampion NVCH Fjordgløtts Bonnie.
Me gratulerer Laila Røneid med ny svenskl viltsporchampion NSVCH Desperados Zelda.

Me prøver å samle bilder av alle desse flinke og vakre hundane i ei eiga mappe på avdelinga si facebookside.
Mappa finn du her.

03.september
Avdelinga sitt høyringssvar på framlegg til nytt regelverk for jaktprøvar
Høyringssvaret finn du her.

18. august
Ny facebookside er pålagt av NSK sentralt
På denne sida vil du finne informasjon frå styret til dykk medlemmer. Du vil sjølvsagt kunne skriva dine tilbakemeldingar her. Men du kan ikkje sjølv poste innlegg og bilder. Me vil prøve å leggje inn nyttige linkar, aktuelt og andre ting som ikkje høyrer heime på heimesida vår. Må håpar å få ei aktiv side med hyppig informasjon og både det eine og det andre. Sida finn du her.

Me ynskjer også å ha den "gamle" facebooksida vår der de medlemmer (eller ikkje) kan poste bilder og stille spørsmål. Den sida vert fyrst og fremst medlemmenes si side. Me kallar sida for Spanielinteresserte i Sogn og Fjordane

18. august
Me gratulerer Inger Handegård med ny viltsporchampion NVCH Desperados Aya.

26. juni
Me gratulerer Laila Røneid og NVCH Desperados Zelda med prøvens beste hund på blodsporprøve i Fortun.
Les meir her.

8. juni
Aktivitetsdag med cup i Gaupne 24. juni - vart avlyst då berre to frå styret var påmeldt....
Les meir her.

30. mai
Annonsert Spanielcup i Årdal 3. juni vert utsett grunna for få påmeldt
Me freistar å få til ein ny cup og truleg vert denne 24 .juni i Luster. Meir informasjon kjem når det praktiske er avklart.

26. juni
Me gratulerer Laila Røneid og NVCH Desperados Zelda med prøvens beste hund på blodsporprøve i Fortun.
Les meir her.

8. juni
Aktivitetsdag med cup i Gaupne 24. juni - vart avlyst då berre to frå styret var påmeldt....
Les meir her.

30. mai
Annonsert Spanielcup i Årdal 3. juni vert utsett grunna for få påmeldt
Me freistar å få til ein ny cup og truleg vert denne 24 .juni i Luster. Meir informasjon kjem når det praktiske er avklart.

25. mai
Konkurranse på facebook sida vår. Vinn eit jaktkobbel.
Gå til sida her.
Vant gjorde Linda Otterhjell frå Årdal. Me gratulerer! 

26. juni
Me gratulerer Desperados Zelda og Laila Røneid med HP og prøvens beste hund på blodsporprøve i Fortun.

2. juni
Vellukka blodsporprøve på Seimsåsen i Årdal
det var avdelinga som stod som arrangør med Arvid Solheim, Laila og Lars Gunnar Røneid som hovudansvarlege. Det var sein vår i området, Dagmar hadde herja og i tillegg var det usedvanleg mykje vilt, spesielt i det nederste sporområdet. Dette gav mange deltakarar noko å bryne seg på...  På bildet er dei deltakarane som klarte 1. premie på prøven. Få venstre: Ernst Inge Brugrand med Janis Joplin, Anne Katrin Bøyum med NVCH Kjærskov Black Askær, Laila Irene Røneid med NVCH Desperados Zelda (HP), Torstein Solset (dommar), prøvevinnar Inger Marie Haugland med NSVCH Anazeidee, Øyvind Oppedal Kristiansen (dommar), Søren Ørbeck Mo med NVCH Merjano's Barbie Girl (HP) og Marte Winther med Solsvingens Filtermalt.

Me skulle ha aktivitetsdag med cup dagen etter, men då berre ein utanom styret meldte seg på, var denen dagen dessverer avlyst.

Trykk her for å lese meir frå prøven.

26. mai
Sogning Best i Rasen, BIS-brukshund og BIS-2 totalt på spanielklubbens hovudutstilling
Det er ikkje kvar dag hundar frå fylket plasserer seg på denne utstillinga som har stor-cert. Desperados Aya til Inger Handegård slo til og reiste heim med stor cert og mange andre premieringar. Dommaren ville eigentleg ha henne til Best in Show men i siste runden syntes Aya at nok fekk vera nok for ein hund frå landet, så seieren gjekk velfortjent til ein showande cocker.

32 spaniels var påmeldt utstillinga i Førde i april 
Hundane var fordelt på 2 amerikanere + 3 amerikaner-kvelpar, 9 cockere pluss 3 cocker kvelpar, 1 field, 3 welsh springer pluss ein welsh kvalp og 10 engelske springere. Best frå fylket vart NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård som vart best i rasen og BIS-veteran. BIM med sitt fyrst cert og samtidig også viltsporchampion vart NVCH Fjordgløtt's Birk til Hilde Rotihaug. Kennel Desperado stilte også med oppdrettarklasse og vart BIS-oppdrettar.

I lydigheit klasse I starta to spaniels og i klasse II starta 1. Best var Desperados Aya som fekk 1. premie i klasse I med opprykk til klasse II.

23. april
Me gratulerer Håvard Heimtun og NVCH Desperados X-file (Luna) med prøvens beste hund på blodsporprøve i Førde. 
Det var 15 startande på prøven som var i Svarthumle i Eikefjord. nr. 2 var bayersk viltsporhund Kåre-Per Nekkøy  med NVCH N J(SCH)CH Skorgebo's Celina og nr. 3 ein labrador retriver Hayley Bird med Sealpin Comet.
Alle med 1. premie og HP. Det vart totalt delt ut 9 x 1. premie - 3 av desse med HP. To andre spaniels deltok, begge engelske springere, og desse fekk 3. premie og 0 premie. Bedre lukke neste gong!

23. april
Me gratulerer Torstein og Ellen Solset med ny viltsporchampion NVCH Zelini's Diamond Hunter.
Det vart excellent begge dagar då ho fekk den manglande utstillingspremieringa og eine dagen vart det også CK.

Bildet: Øverst treninga etter cupen. Fremst Elin Anita med Bonnie, Laila med Zelda, Ann Kristin med Zantana, Inger med Aya og Tonje med Nova. Til venstre Inger og Xmilla som vant ekspertklassen. I midten til høgre Ann Kristin med Zantana som vant nybegynnarklassen. Nederst til høgre er det tre klassevinnarane med FLOTTE premiar :-) 

Cup på Leikanger - meir info kjem her
11 firbeinte og ca. 10 tobeinte med stort og smått, samlast på Leikanger for cup med tema tannvisning/håndtering, stell og vising av hund i utstillingsringen. Dessverre var det dårleg frammøte av dei ferskaste spanieleigarane i fylket, men dei som var der har gitt oss tilbakemelding på at dette var VELDIG lærerikt og nyttig! Det møtte ein kveld og ein nybegynnar. Dei øvrige ni hundane var i klassen for ekspertar - og varierte i alder frå to til 11 år.

Vinnarar ekspert vart Inger Handegård med Xmilla tett fulgt av Elin anita Gjerde med tingeling og Laila Røneid med Zelda.
Vinnar av nybegynnar var Ann Kristin Feten med Zantana.
Vinnar av kvelp vart Tonje Tollefsen med Nova.

Bildet: Dei tre klassevinnarane - Inger med Xmilla, tonje med Nova og Ann Kristin med Zantana

Dommar Anne Katrin Bøyum (oppdrettar av labrador under kennelnamnet Irta, men har både stilt ut spaniel og driv med kvardagsklipp av spaniels), gav oss svært positive tilbakemeldingar på at me har velfungerande, velstelte og godt trente hundar. ALLE 11 hundane fekk 10 på tannvisning og håndtering. Ikkje dårleg!

Til venstre Tonje med Nova, Laila med Fargo og Elin Anita med Tingeling.

Her kan de sjå vinnar av kvelpeklassen: Nelvana's Midnight Sun tilhøyrande Tonje Tollefsen

Inger og Chelly i ringen.

Etter cup-øvelsane haldt me fram med meir "avansert" utstillingstrening.
Her trener Zelda og Zantana med sine respektive eigarar/handlere på å springe frå og mot dommar samtidig.

Her trener Inger og Aya - i litt "uvant" stil....

Elin Anita og Torill Gjerde hadde laga kaffi og kaker, laga flotte jaktkobbel som premiar og laga flotte fruktkorger til den beste i kvar klasse. I tillegg var det deltakarpremie frå Gilde til alle som var med. ALL ros til Elin Anita som organiserte det heile. Sjølv om det var kaldt, så hadde det me det både moro og lærerikt. Latteren sat laust! Stor takk også til Lars Gunnar Røneid for alle dei flotte bilda og videoane.

Og du som ikkje var med - kanskje du angrar no når du ser bildene, videoane og premiane???

Årsmøtet 2012 med cup - info kjem her

Her kjem referat frå aktivitetar i avdelinga i 2011

Ny hund på pelsstellkurs
Denne gongen ein cocker spaniel, nærare bestemt Messi til Einar Fossøy som er busett i Årdalstangen. Me set stor pris på å få større kontakt med cocker-eigarane i fylket! Når det i tilegg er ein triveleg, 6 månader gamal leverbrun cocker som er nesten flokefri og som er lett å jobba med på bordet, er det ekstra moro. Dei to øverste bileta er Messi før klipp, dei to under er Messi etter klipp. Du lurar kanskje på kvifor Messi framleis har så mykje lang pels på ryggen? Dette fordi ein ikkje skal væra så utolmodig når ein har cocker spaniel kvelp/unghund. Ofte slepper den lange, ullete ryggpelsen når hunden nærmar seg året. Kunsten er å bruke den tette stålkammen, Spratt 73, så ofte som ein kan. Håpet er å få fram ein glansfull og lettstelt ryggpels. Dersom ein brukar skarpe trimmemiddel som coat king eller maskin på slik ein ung hund, er ein garantert å få ein ullete og krøllete ryggpels.

Styret, ved Inger, har i to år reist rundt i fylket
Inger har på desse to åra hatt kontakt med ca. 75% av alle medlemmene i fylket. Nokre på møtar arrangert av avdelinga, nokre på prøver, nokre på kurs og ho har reist rundt og hatt mindre treff fleire stader. Tre stader manglar enno på lista over stader der det er ynskjeleg med eit spanieltreff. Det er Høyanger, Førde og Nordfjordeid. Gjennomgåande ynskje om opplæring er pelsstell, lydigheit, jakt og spor.

Dei bevegelege prøvane er no avslutta for året

Jaktanleggsprøve:
Det starta 7 hundar i løpet av 2011 - 6 av desse er godkjent.
Den siste som starta og vart godkjent var Desperados Yunior til Helge Growe, Trondheim (foto over).
Navna på dei andre står lenger nede på denne sida.

Apportprøve:
Det starta 4 hundar i løpet av 2011 - alle 4 har vorte godkjent.
Dei to siste starta begge i begynnarklasse.
Det er Desperados Yunior til Helge Growe, Trondheim og
Fjordgløtts Bonnie til Elin Anita Gjerde, Leikanger.

Blodsporprøve - bevegeleg:
Det har starta 13 hundar i løpet av året.

Spaniels som har oppnådd 1. premie med HP er:
Desperados Xavier
(ess) til Anita Helgesen, Våle i Vestfold

Spaniels som har oppnådd 1. premie er:
Desperados Xavier
(ess) til Anita Helgesen, Våle i Vestfold

Spaniels som har oppnådd 1. premie er:
Ingridbakkens Linnea
(ess) til Olav Aamot, Naustdal

Fersksporprøve - bevegeleg:
Det har starta 13 hundar i løpet av året.

Spaniels som har minimum 7. poeng er:
Desperados Tingeling
(ess) ned førar Torhild Gjerde, Leikanger - 7 poeng
Fjordgløtt's Bonnie (ess) med førar Elin Anita Gjerde, Leikanger - 7 poeng
Fieldfase Fiddlers Brook (field) til Birger Solheim, Florø - 9 poeng
Lukas (cocker) til Kurt Einar Jacobsen, Florø - 8,5 poeng
Ingribakkens Luna (ess) til Olav Aamot, Naustdal - 10 poeng

Nye champions 2011
NVCH Desperados Xmilla til Inger Handegård, Gaupne
NVCH Desperados Wells Fargo til Lars Gunnar Røneid, Årdalstangen
NVCH Desperados Zelda til Laila Røneid, Årdalstangen

NM blodspor 2011
Det vart 1. premie med HP, finale, ny 1. premie med HP og endå eit spor for å kåra ein vinnar. NORDVCH Desperados Rochelle og Inger Handegård endte på sølvplassen! Solid 1. premie også på NSVCH Desperados Tingeling og Elin Anita Gjerde.

Blodsporprøven i Askvoll vart nok ein gong ein suksess
Blodsporprøve i spanielklubbregi i Askvoll i dag. 8 hunder fikk 1. premie, en fikk 2. pr. og 8 fikk 0 er meldingen jeg har fått. Prøvens beste hund springer Zelini's Diamond Hunter til Torstein Solset. Nr. 2 bayersk viltsporhund NVCH Zorro til Kjell Kristian Carlsen. Nr 3 springer Desperados Zelda til Laila Laila Irene Røneid. Mabge ulike rasar var representert og Inger Berit Haugen og ettersøksringen hadde gjort ein stor jobb med å få ein hyggeleg prøve.

Vi hadde 19 påmeldte hunder til prøvens 17 ordinære spor, en hund ble uttrukket til å gå reservesporet dersom ikke dette måtte brukes. En hund måtte trekkes pga hoggormbitt noen dager før prøven. Som arrangører har vi denne gang møtt på en del utfordringer som vi har løst etter beste evne, i dialog med NSK og NKK. Vi hadde tre dommere, Birger Hogrenning-NKK-rep, Helge Alme, NKK-vararep, Ottar Solås.
De dømte 6 ekvipasjer hver. Reservesporet måtte tas i bruk, og hunden som var satt opp på reservesporet fikk dermed ikke gå.
Det regnet gjennom hele prøven, vi hadde heldigvis tak over hodet, bål og varm suppe til frosne, våte deltagere og dommere.

Border Terrier Borderengas Dancing with Capgold ble NVCH, fører Ane Merete Gundersen.

Helsing Inger Berit Haugen og Ane Merete Gundersen

PS: Prøvevinnaren hadde reist heim før bildet vart tatt så han manglar på bildet.

Lydigheitskurs - konkurransekurs - i Gaupne 16-17. juli

Me var så heldige å få Yvonne Keeve, kennel Sporty-Springers, på besøk. Ho konkurrerer i eliteklasse med sine springere. Yvonne var ein utruleg dyktig instruktør som fekk oss til å ha meir fokus på detaljar og på det å sjå langt nok fram - mot eliteklasse - når me starta treninga vår.

7 hundar fekk plass. På bildet over: Sylvelin Andersen, Rogaland, med Desperados Alva, Martin Gjøringbø, Sogn og Fj. med Kahill's Bright and Beautiful (Diva), Laila Røneid, Sogn og Fj. med Desperados Zelda, Elin Anita Gjerde, Sogn og Fj. med Desperados Tingeling, Ellen Getz Wold, Oslo/Akserhus med Kahill's Black Nightshade (Colin), Inger Handegård, Sogn og Fj. med Desperados Xmilla og Anne Hosbond, Danmark med Desperados X-port (Solo).

Før lydigheitskurset starta hadde me jaktanleggsprøve med fire startande hundar. Tre klarte prøven for dei to dommarane Inger Handegård og Ellen Getz Wold. Dette var ein internasjonal prøve! Fylgjande vart godkjent:

Sporty Springers Agility Jump for Joy
til Yvonne Keeve, Tyskland

Desperados Zilje
til Anne Hosbond, Danmark

Kahill's Bright and Beutiful
til Martin Gjøringbø, Norge

Nokre hundar prøvde seg på apportprøve.
Berre begynnarklasse-hunden, Desperados Wells Fargo til Lars Gunnar Røneid gjorde jobben slik slik han skulle og fekk godkjent apportprøve. Me fekk dessverre ikkje tatt bilde av hans arbeid - men her er bilde av han når han viser kunsten "sitje bamse".

Før kurset var det også blodsporsporprøve og klubbmeisterskap i lydigheit - begge deler med Luster hundeklubb som arrangør. 3 av 7 startande hundar på sporprøven var springere og alle 3 fekk 1. premie - to med HP og dei vart nr. 2 og 3! På klubbmeisterskapet var 6 av 12 startande hundar springere.

To klarte appellmerket. Det var Desperados Aya til Inger Handegård og Desperados Zelda til Laila Røneid.

Heile 24 springere med stort og smått var innom Luster denne helga/veka...

 

 

 

 

 

 

Over helga var det ny apportprøve. Denne gongen gjorde Desperados Xmilla til Inger Handegård det ho skulle både på sporet og på vatnet og klarte dermed apportprøven i åpen klasse.

Klubben har no kjøpt inn dummiar og håpar å få til fleire slike spanielsamlingar med litt varierande innhold i 2012.

Det er ynskje om pelsstell, spor, jakttrening, apporttrening, trening på vannarbeid, fotokurs, sosiale samlingar mm. Så me har mange idèar å ta tak i berre me får folk som er villig til å hjelpe til med slike arrangement.

 

 

 

 

 

 

 

 

Spanielhelg med blodsporprøve, jaktanleggsprøve, sosial samling
og jaktanleggsprøvetrening på Seimsåsen i Årdal 18 og 19 juni

Primus motor for prøven var Arvid Solheim, Lars Gunnar og Laila Røneid. Dei hadde lagt ned ein imponerande innsats i arrangementet for at dette skulle verta ei triveleg helg. Ekstra imponerande var det med alle gåvepremiane dei hadde fått og den støtte dei hadde fått frå Årdal kommune og næringslivet i Årdal. Dette er første gong det har vore arrangert blodsporprøve i Årdal - men me håpar det ikkje vert den siste! Spanielhelga var på Seimsåsen i Årdal der me fekk disponere ei flott skihytte som ligg midt i eit ypperleg terreng med plass til mange spor og vatn til apporttrening.

Blodsporprøven vart dømt av Ivar Jonny Sønderåø frå Valdres. 7 hundar starta, men eg har ikkje fått fullstendig premieliste enno. Det var mange med 1. premiar, ingen med HP og nokre med lågare premiering. Prøvens beste hund vart NVCH Merjano`s Barbie Girl  til Søren Ørbeck Moe. Nr. 2 NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård. Nr. 3 vart NVCH Anazeidee (langhår dachs) til Inger-Marie Haugland.

Det var sosial samling med mat og premieutdeling og etterpå var det jaktanleggsprøve med Inger Handegård som dommar. 

To hundar klarte alle momanta i jaktanleggsprøven og fekk godkjent prøve. Det var Desperados Wells Fargo ført av Laila Røneid og Fjordgløtt's Bonnie ført av Elin Anita Gjerde. Etter prøven var det grilling og meir sosialt samvær. Så kraup alle til sitt på luftmadrasser rundt omkring i skihytta. Etter felles frokost var det tid for jaktanleggsprøvekurs. det var søk, slepespor, apport av kanin, symjing, apport av dummie og apport av fugl. Ein hund apporterte i vatn for fyrste gong etter å ha vorte skremt, ein tok sine fyrste svalestup ut i vatnet, ein prøvde å drukne seg sjølv då iveren etter å apportere var større enn evna til å symje og ein trente på apportprøve åpen klasse.

Både to og firbeinte hadde ein hyggeleg helg på Seimsåsen og no håpar me at dette kan verta eit årleg arrangement.

Sjå fleire bilete frå spanielhelga her.  Fleire vil verta lagt til seinare. 

God respons på sporleggarkurs i Årdal
Det var svært godt oppmøte då Åjff arangerte kurs for sporleggarar i Utlastova 3.Mai. Heile 18 personar hadde funne vegen fram på Hjelle både frå Aurland, Lærdal og Årdal. Dette viser at det stor interesse for hund og sporarbeid i området. Intensjonen for kurset var å skapa forståing og tryggheit rundt det å leggja blodspor, og ut frå responsen var dette noko som skapte interesse blant dei frammøtte.
 
Me starta opp med gjennomgang av regelverket og tok for oss forskjellige måtar å leggja spor på, kva utstyr me nyttar og ikkje minst korleis me kjem oss ut av vanskeligheiter under sporlegginga. Dette skapte mange gode diskusjonar og det kom fleire gode tips fram om korleis me skal kunne leggja ?det perfekte? sporet.

Det var og stor interesse for å gå vidare og få til eit kurs for ekvipasjar som vil starte med trening av ettersøkshund. Dette er no under forberedning og det vil verta sett i gang eit kurs før sommaren.
Sporleggarkurset er lagd opp slik at det er nyttig både for nybegynnere og drevne sporleggjarar, og det er ikkje noko problem å sette opp eit nytt kurs dersom det er interesse for dette.
 
Arvid Solheim frå spanielklubben haldt kurset og fire medlemmer frå klubben var med. Detet er ein utmerka idè som klubben håpar å kunne arrangere fleire stader i fylket.

Utstillinga i Naustdal 30. april-1. mai
Meir informasjon kjem etter kvart som eg får resultata.

Dommar var Kresten Scheel frå Danmark. Det var påmeldt 1 kvelp og 2 vaksne amerikanarar.

13 cockere og 8 engelske springere.

I lydigheitsringen starta tre spaniels - alle springere. To i klasse I og ein i klasse II.
Frå venstre Inger Handegård, Gaupne, med Desperados Xmilla som debuterte og var einaste hund i klasse II. Dei var 0,5 poeng frå premiering... I midten Britt Øen Halbrend (?), Førde,  med NVCH Westaway Lesley Waters og til høgre Olav Strøm, Bergen, med Porsfield's Fleur. Dei to siste debuteret begge i klasse I, men gjekk dessverre ikkje til premiering denen gongen.

I agility starta dessverre ingen spaniels.

Medlemsmøte i Florø 30. april
Inger Handegård sette kurset vestover etter utstillinga i Naustdal og snakka om spor, stell og fôring av hund. Det var kjekt med heile 8 frammøtte eit godt resultat. Det er fleire enn det av og til har vore på årsmøta våre... Stor takk til Per Ståle Vågene som ordna med møtelokale, kaffi og kake! Så håpar styret at spanielmedlemmer i dette distriktet no går saman om å lage ei lita arbeidsgruppe for å få til meir aktivitet i området.

Fantastisk flott og godt koldtbord på årsmøtet 12. februar på Vassenden!
I tillegg til vanlege årsmøtesaker var det fagleg tema om spor og stell og fôring av hund.
Lars Gunnar Røneid tok mange bilete på årsmøtet -desse kan du sjå her (håpar eg).

20. januar
Fjordgløtts Birk har teke vegen frå Nordfjordeid til Gaupne for å få pelsstellkurs/hjelp og utstillingstrening.
Desse to bileta er teke med 3 dagars mellomrom. No skal Birk på si aller første utstilling og me ynskjer han lukke til!

Old hunters never die - they just stay loaded!
Urja's Dino er blitt godt vaksen (født juli 2000 - og over 10 år no), men han er i meget god kondisjon og frisk i kropp og sjel. Eit bra tal felte hjort har vi på samviten, både ved eigen jakt og ved ettersøk. Daglig har vi lange turar i skog, noko Dino set like stor pris på som eigaren. Noko lengre kvile etter lange turar i fjellet, søv gjerne noko lengre og djupare, men lysten, "smilet" og leiken er akkurat slik den var då han var kvalp. Dino diltar etter, lograr med halen og eg vel å tru han har det trygt og godt her på Vassenden.
Mvh Cato Indrebø

   
 
 
 

 

Copyright © 2008 Norsk Spaniel Klub - Alle rettigheter forbeholdes - Vilkår for bruk - Kontakt webmaster